På 1980-talet og litt på 1990-talet var det eit prosjekt for innsamling av lokale stadnamn i Rogaland. Det er truleg bortimot 150000 namn. Prosjektet var sett i gang av Rogaland fylkeskommune og vart leia av Inge Særheim, seinare professor i namnegransking ved UIS, Universitetet i Stavanger. Arkivet etter dette prosjektet vart skanna hausten 2019 av Språksamlingane i Bergen.
Kvaliteten på namnesamlinga er svært variabel, og der er heilt sikkert ein del feil.
I Rogaland er vi nokre få pensjonistar som har sett seg føre å registrera denne namnesamlinga. Vi starta registreringa med eit spesiallaga dataprogram i september 2020, og til mai 2024 er det registrert omlag 150000 namn. Etter kvart som vi er ferdige med ein kommune vert registreringane sende inn til Språksamlingane i Bergen.
Etter kvart har også Kvinnherad i Hordaland hengt seg på. For Kvinnherad er det til mai 2024 også lagt inn bortimot 9000 lydfiler med uttale av namn.
Samtidig med namneinnsamlinga på 1980-talet vart det også gjort opptak av uttale. I alt er det om lag 400 lydkassettar som er digitalisert. Lydkvaliteten er svært varierande, og det er usikkert kor mykje som kan nyttast slik at lokal uttale for namna også kan leggast ut på nettsida. Last ned lydfiler
Vi har håp om å vera ferdige med Rogaland i løpet av 2024. Så står det att å prøva å få samla inn namn frå alle dei gardane som manglar. Og vi vil gjerne få registrert lokal uttale for namn. Hvis du kan tenka deg å gjera ein innsats i din kommune: Ta kontakt!
På kartet er nokre namn i blå skrift. Hvis du trykker med muspeiker på eit slikt namn vil det bli vist litt informasjon. Oppe i høgre hjørne på informasjonsfeltet viser årstalet for innsamlinga av namnet. Ein del namn har ein liten hake (<) framfor. Hvis du trykker på dette namnet kan du få høyra den lokale uttalen av namnet. Namn med ukjent posisjon vil også bli vist, men med rosa skrift. Dei er plassert i nærleiken av der vi trur det kanskje kan vera. I namnelista vil dei ha ein 🔴 etter namnet.
Nokre kommunnamn er også med blå skrift. Trykk på kommunenamnet vil visa ein eller fleire knappar som ein kan trykka på for å få vist dokument.
Hvis du har behov for å få tilgang til grunnlagsdokumenta, kart og kjeldedokument, ta kontakt med Egil Sølvberg for informasjon om framgangsmåte.
For namnetabellane er det komuneinndelinga og gardsnummer frå 1980 som er brukt.
Denne nettsida finns også i ein versjon for mobiltelefon. Hvis mobiltelefonen din har satelittmottakar (Gps) kan du la kartet ha senter der du er, slik at du kan sjå namna i nærleiken.
Egil Sølvberg
lokalnamn@solvberg.org
Kart frå Statens kartverk